Kommunestyret innleia møtet sitt onsdag med foredrag og samtale om temaet.

Før kommunestyret starta på saklista si, brukte dei tid på ”Lokalvaltimen”, der temaet var ”Likestilt lokalpolitikk?”

Forskar Yngve Flo frå Uni Research Rokkan-senteret i Bergen tok utgangspunkt i nasjonal utvikling og kommenterte ulike mekanismar som påverkar representasjon. Mykje har med rekrutteringsprosessen å gjera. I utgangspunktet skal ikkje eit kjønn vera representert med mindre enn 40 % i eit styre eller utval.

I Fitjar er det denne perioden 4 kvinner og 11 menn på fast plass i kommunestyret. Kvinnedelen er då under 24 % mot 38 % på landsbasis. Ved vala i 2003 og 2007 var den 41 % i Fitjar. Dermed ser ein store variasjonar lokalt. Kva er årsaka?

Noko kan forklarast med nominasjonsprosessen som gjerne er dominert av godt vaksne menn, og den som har vore med før får prioritet. Erfaring er vektlagt. Ein startar søket i grupper der menn ofte er i fleirtal. Slik kjem ofte mann før kvinne på lista sjølv om ein skal praktisera kjønnskvotering. Kanskje skal ein setja opp kvinne før mann, eller der det er mannleg toppkandidat kan ein følgja på med to kvinner? Tenk også på møtetidspunkt og -avvikling, godtgjersle og ordningar med barnepass. Møtekultur, debattklima og hersketeknikkar er også element som må takast opp.Lat kvinnerepresentasjon vera eit aktuelt tema og få fram kvinnelege rollemodellar før valet, og lat dei formidla verdien av å vera med og forma lokalsamfunnet!

I debatten etterpå kom det fram mange element som spelar inn. Annar Westerheim, Ap, meinte at kvinner i privat næringsliv kunne ha vanskar med å få frikjøpt tid til politikk, og at møtetidspunkt er viktig. Men når folk engasjerer seg i enkeltsaker, er gjerne kvinnene i front. Det kan rekruttera.

Toralv Røen, Ap, meinte at ekstra krevjande enkeltsaker også kunne gjera at kvinner ikkje ville gå inn i verv. Men no kjem kommunedebatten, og den vil engasjera. Wenche Tislevoll, H, minna om at i 2011 var det berre Høgre som hadde kvinneleg listetopp. Dagfinn Brekke, Krf, såg på veljarmakta. Det var mange nok kvinner på listene, men berre 4 vart valde. Dessutan er det svært mykje frivillig arbeid i Fitjar, og der er mange kvinner. Du finn ofte dei same personane på ulike arenaer.

Harald Rydland, Krf, meinte mykje var tilfeldig, og at 1 – 2 røyster i mange tilfelle er utslagsgjevande. Han nemnde også endringane som kom i 1995, med gjennomgåande representasjon, der kommunestyrerepresentantane også skulle sitja i utvala, samtidig som 40-%-representasjonen skulle respekterast. Det gir rovdrift på kvinnelege representantar.

Frode Pletten, H, synte til at veljarar er lojale mot sitt distrikt, noko Dåfjorden er eit godt eksempel på. Bjørg Tislevoll, H, meinte at kvinner røysta på menn. Her er det viktig å bevisstgjera kvinner og auka sjølvtilliten deira. Ein ser noko av det same i samband med rekruttering til leiarstillingar.

Sigurd Andre Marås, Frp, peikte på at det er diskriminerande for kvinner å verta valde på grunn av kjønn. Bente Karin Isdahl, H, sa at kvinner vegrar seg for å stå på lista, kjenner på manglande møte-erfaring og er redd for å stå fram. Travelt er det også. Ho har fått tre born i denne perioden, og det er krevjande.

Karen Elisabeth Rydland Sæbø synte til at i mange tilfelle sparer veljarane kvinner frå å verta valde. Helga Nøtland Audestad, Krf, meinte at i denne saka byrjar ein i feil ende. Ein må først få kvinner interesserte i politikk og syna kor interessant det er og kva påverknad ein kan ha, og rekruttera på bakgrunn av det.

-Har ein i Fitjar gode tankar om å følgja dette opp?
-Ja. Kvinner skal engasjerast. Det er ei oppgåve for sitjande representantar å framsnakka politikk slik at interessa vert vakt. Å vera politikar er ei samfunnsoppgåve. Ein må få fram at det er gjevande og kjekt å vera med. Dersom det ikkje er engasjement, kan det tyda på at me har det for godt. Kampsaker skjerpar engasjementet. Sjå berre på skuledebatten i Sælevik!

Ingressbilete: Ordførar Wenche Tislevoll ynskjer forskar Yngve Flo velkomen i kommunestyret. Foto: Harald Johan Sandvik