Frå eit rekordår i 2019, til store tap i 2020. Me har tatt ein prat med dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett, Svein Eivind Gilje om opp- og nedturane i året som har gått.
Med driftsinntekter på 229 millionar, og eit driftsresultat på solide 46,6 millionar i 2019 låg alt til rette for vidare vekst i 2020. Men det var før koronapandemien og uheldige hendingar slo til for Engesund Fiskeoppdrett.
– Det har rett og slett vore eit drittår for oss, som for mange andre, fortel dagleg leiar Svein Eivind Gilje, medan han pratar om dei mange millionane dei har tapt i år.
Sel fisken med tap
For med koronaprisar på fisken og høg dødelegheit i merdane gjekk ikkje 2020 heilt som Engesund fiskeoppdrett skulle ønskja.
– I mars slo dei dårlege prisane til, og me hadde fulle merdar med aure som me måtte selja til langt under produksjonskostnadane. I tillegg opplevde me høg dødelegheit ved nokre av våre lokalitetar. Det skuldast haustsjuka, som gjev fisken irriterte gjeller. Dette minkar matlysten til fisken, og på det verste sluttar dei å eta, forklarar Gilje. Den optimistiske øyabuen klarar likevel å finna eit lyspunkt i mørket som er 2020.
– Eg trur på ein måte det er litt sunt. Ein får verkeleg ein real gjennomgang av alle utgiftene ein har, og eg trur me kjem styrkja ut av dette på langsikt.
Norske turistar tok turen på sjøen
For det finnest jo sjølvsagt lyspunkt i drittår ogso, som ny rekordsommar for visningssenter til Engesund ute i Fitjarøyane.
– Fleire skulevisningar gjekk ut i vår, men i sommar hadde me gode besøkstal på heile 2600 gjester. Me er svært nøgd med den nye båten me har kjøpt for å frakta gjester ut til senteret, den fungerte godt i sommar, fortel Gilje, som rosar alle dei tilsette.

– Me føler at me vert betre og betre på visningar, og til våren skal me søkja om å få fornya visningsløyvet. Tenk at me snart har halde på i 10 år allereie, uttalar Gilje.
Gode investeringar
Den daglege leiaren fortel om spennande endringar som har skjedd sidan førre gong me intervjua han.

– Me ser gode resultat med laserteknologien me investerte i. Saman med dei andre preventive tiltak som luseskjørt og rensefisk har me fått ned talet på avlusing i brønnbåt. Fiskevelferd er viktig for oss, og me har som mål å handtera fisken minst mogleg.
Gilje fortel at Engesund Fiskeoppdrett ogso har gått til innkjøp av ein ny vaksine til fisken til 4,5 millionar kroner.
Les ogso: Tenar millionar på rensefisk i Årskog
Gilje fortel vidare at Engesund har fått Global G.A.P (good agricultural practices) Akvakultur standard sertifikat, og at dei har så vidt byrja å bruka brønnbåten Horda Pioneer, som saman med Hordagut skal transportera og behandla fisk for Engesund, og dei andre aksjonærane i Hordalaks As.
– I Masfjorden har me utvida med ein 160 meters ring, og me har kjøpt smolt frå Erko Settefisk i Sagvågen. Det er kjekt å handla lokalt, fortel Gilje.

Vil slå saman anlegga på Fitjar
No håpar Svein Eivind at Engesund skal få gjennom ein anleggsendring i Fitjar ogso.
– Me har søkt om å få slå saman Dyrholmen Aust (visningssenteret) med Dyrholmen Vest. Dette vil skjerma visningsanlegget, og me får moglegheita til å forska vidare på samdrift mellom fiskeopprett og taredyrking.
I vår vart den første taren som er dyrka på Fitjar hausta, og verksemda meldte om god kvalitet, men mindre kvanta enn venta.
– No bytter me i frå sukkertare til butare. Sukkertaren vaks dårleg. Den sit laust og får lett mosedyr. Difor vil me no prøva med butare, den har faktisk meir næringsstoff i seg og det er gjort gode erfaringar på tilvekst Det vert spennande å sjå resultatet ved neste hausting.

Skulle til USA enda på Larsen
Eit heitt tema om dagane er dyrefôr med soya importert frå Brasil. Fleire og fleire melder at dei ynskjer å gå vekk frå dette.
– Me kan ikkje seia at me er soyafri enno, men ved Dyrholmen har me nytta eit soyafritt fôr med mykje kril i, og dei første testane viste gode resultat. Om dei gode resultata fortset vil me vurdera å bytta til det ved alle våre lokalitetar.
Krilfôret er dyrare, men kan sjå ut til å gje betre kvalitet på kjøtet ein får frå fisken.
– Me har gitt fisk som har ete dette fôret til nokre «kresne» kundar, med gode tilbakemeldingar. No når me skal slakta ved Dyrholmen skal eit parti testast på eit kresent marknad i USA. Testen skulle eigentleg gjerast tidlegare i år, men det vart ikkje noko av i koronatidene. Dette partiet hamna faktisk rett bortpå Spar i staden for USA, småler Gilje.

Skilja seg ut
Gilje trur nemleg det er viktig å skilja seg ut om ein skal overleva.
– Me har tru på framtida, og satsar på at 2021 går betrakteleg betre enn 2020. Eg kryssar fingrane for at serveringsbransjen kjem attende til normalen og at ferskfisksalet aukar att.
– Heilt til slutt, kan du røpa noko om kva de skal til med i Årskog?
– Me har mykje spennande idear for kva me kan bruka tomta i Årskog til, men det dårlege resultatet i år set planane på vent. Dette er eit langsiktig prosjekt, men akkurat kva det vert der vil framtida visa, avsluttar Gilje.
