Øyvind Staveland, og resten av Vamp, gler seg til sommarkonsert i Kråko 20.juli. 

I fjor var første gongen Kråko Utvikling skipa til sommarkonsert. Meir enn 800 personar fekk då med seg Ausekarane ved Port Steingard.

Rigging til konserten i fjor. Arkivfoto: Kjetil Rydland

– Det var ei så kjekk oppleving at vi straks etterpå gjekk i gong med å planlegga ein ny sommarkonsert. No satsar me på at tredje laurdag i juli blir fast dato for sommarkonsert på Kråko, fortel Jorunn Hernes, koordinator for konserten.

Ho kan fortelja at allereie to veker før konserten var det seld like mange billettar som det var folk på konserten i fjor.

– Me i Kråko Utvikling håpar på at det vert publikumsrekord i år!

Enno bannerlause

Førre veke meldte Jorunn Hernes til Fitjarposten at banneret for konserten var stjåle frå innkøyrselen til Kråko.

– Banneret er enno ikkje komme til rette, men billettsalet aukar dag for dag for det, fortel Hernes

Ho minnar folk om at Vamp går på scenen klokka 19, og at dei er kjend for å vera presise.

- Annonse -

– Porten opnar kl. 18. Det vert mat og drikke frå Mikrobryggeriet ELØ og PS Bryggekafé i år ogso. Me har tatt med oss tilbakemeldingane frå i fjor, så i år fleire serveringspunkt under konserten, fortel Hernes.

Jorunn Hernes og Marita Nysæther under rigginga i fjor. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Variert musikk

Etter Vamp vert det Queen Tribute show med Ole André Westerheim, før det vert 80-tallsparty.

– Ja, det vert ein kveld med variert musikk, fortel Hernes, som gler seg til årets sommarkonsert.

Treng du skyss har Kråko Utvikling sett opp buss frå Lerivik kai via kiwibutikken i Sagvågen.

– Bussen går frå kaien kl.17.30, og kostar 150 kr tur/retur. Ting plass ved å senda ein sms til 41270321, informerer Hernes, som ogso fortel av Fitjar taxi står parat etter konserten.