Halvor Livastøl Aga går åleine over mål på 5000 meter på Bremnes i går. Foto: Privat.

Både Johannes Sandvik Bø, Marius Pedersen og Halvor Aga markerte seg med løp i toppklasse under bømlomeisterskapet i friidrett på Bremnes i går.

Den friske vinden ute i havgapet hindra ikkje dei mest lettbeinte fitjargutane å levera topptider. Som vanleg var det Johanne Sandvik Bø som noterte seg for flest Tyrving-poeng, over 1000 i talet på 1000 meter. Han vann den litt uvanlege distansen på tida 2.48,5, som er banerekord på Bremnes stadion og årsbeste i landet i 14-årsklassen.

Bø og Bø i fint driv på 1000 meter på Bremnes. Foto: Privat.

I høgde enda Marius Pedersen og Johannes Sandvik Bø begge på 1.45 meter. For Johannes er dette pers. Bjart Sandvik Bø gjekk over 1,30 meter, to centimeter bak den personlege rekorden hans.

Halvor Livastøl Aga imponerte kanskje aller mest i går, då han sprang sin 5000 meter. Han vann like godt distansen på 17.47,2, som er banerekord på Bremnes stadion. Fartshaldar Bård Inge Bø og unge Marius Pedersen kom litt bak på 18.25,4.

Gårsdagens konkurranse var ei fin gjennomkøyring, særleg for Marius og Johannes, som begge er tekne ut av friidrettskrinsen til å representera Hordaland under Lerøylekene i Haugesund neste helg. Dette er ein konkurranse mellom Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Med den råsterke debuten sin på 5000 meter kom Halvor nesten inn på topp ti lista frå Fitjar gjennom alle tider. Den ser førebels slik ut, fram til Halvor har sprunge ein 5000 meter til:

1. Kjell Magnar Helland (fødd 1960) 16.29,0 (1988)

2. Magne Skumsnes (1954) 16.44,7 (1985)

3. Lars Kloster (1949) 16.44,8 (1966)

4. Olav Kvernenes (1946) 17.00,0 (1965)

5. Knut Havn (1931) 17.02,8 (57)

6. Håkon Vestbøstad (61) 17.21 (9?),1 (1980)

7. John Karsten Raunholm (1960) 17.29,5 (1992)

8. Aksel Severin Haukanes (1946) 17.37,4 (1963)

9. Ole Peder Kloster (1980) 17.38,3

10. Per Gunnar Bukkholm (1961) 17.42,3 (1980)

Marius Pedersen og Halvor Livastøl Aga hakk i hæl med trenar Bård Inge Bø under gårsdagens 5000 meter på Bremnes. Foto: Privat.