Nordmenn kjøper bilar, bubilar og motorsyklar før sommarferien, noko som gjev tinglysingsboom for Brønnøysundregistrene til ein verdi av rundt 131 milliardar kroner i juni. Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Løsøreregistret melder om en «all time high»-periode for tinglysing i juni med rundt 56.000 dokument og altså eit totalt pantebeløp på om lag 131 milliardar kroner. 

18 prosent auke
– Tidlegere rekord var i mars i år, med rundt 50 300 dokument, men juni gav altså rekord. 55 915 dokument tinglyst. Dette er 18 prosent meir enn for same månad i fjor, opplyser underdirektør Narve Amundsen i Løsøreregisteret. 

Dei siste åra har talet på tinglysingar auka kvart år, frå ca. 410 000 dokument i 2010 til rundt 530 000 dokument i 2014.

Auke i motorvogn
Ei årsak til dette er at folk i Norge ofte finansierer kjøp av motorvogn med lån som er sikra med salspant.

– Det er sjølvsagt mye anna enn salspant i motorvogner som vert tinglyst, men salspant i motorvogn har åleine auka med 20,7 prosent samanlikna med juni i fjor. Den låge renta er nok ein faktor som er med på å påvirke talet på  bilar som vert selt og som lånefinansierast med salspant, tilføyer Amundsen.