Aldri har det blitt lossa så mykje kunstgjødsel i Fitjar som i går, seier Odd Bondevik i Fitjar Meieri.

Dette er eit nytt døme på at det skjer mykje positivt i Fitjar, meiner den daglege leiaren i Fitjar Meieri. – Det er ikkje ei bygd nord for Jæren der så mange ønskjer å dyrka jorda, seier Odd Bondevik, som gler seg over den store aktiviteten blant Fitjar-bøndene.

Odd Bondevik seier han set stor pris på å vera med og hjelpa både store og små bønder i Fitjar på denne måten. For det er nettopp det han gjer med denne kjempelasta på ca. 300 tonn fullgjødsel som kom med MS «Finnøybulk» søndag ettermiddag. Gjødsla kjem frå Felleskjøpet Rogaland Agder, og er ferdig bestilt av bøndene i Fitjar. Felleskjøpet har etter kvart kome til at det i enkelte tilfelle er meir praktisk – og meir rimeleg – å frakta gjødsel med båt enn med bil. Her ser me eit døme på dette, fraktkostnaden blir rundt 50 kr lågare enn på bil. MS «Finnøybulk» hadde vore innom Halsnøy, Fjelberg og Huglo, før båten lossa resten av lasta si – rundt halvparten – på Fitjar.

Både store og små bønder har vore med på dette storinnkjøpet, fortel Odd Bondevik. Dette har vore til fordel for alle partar. Dei store bøndene på Fitjargarden og Rydland vore med på prosjektet, og dermed hjelpt til at også dei mindre bøndene får gjødsel til ein litt rimelegare pris pga. sparte fraktkostnader.

Dagleg leiar Odd Bondevik er svært glad over å kunna gjera dette i regi av Fitjar Meieri. – Dette er samvirke i praksis, seier Odd, som seier meieriet aldri har gått så godt som no.