Dei tre lokale skeiseløparane våre er på plass i Salt Lake City og førebur nye rekordforsøk.

Så var me på plass i Salt Lake City. Byen ligg ved den enorme innsjøen Salt Lake. Sjøen ber namnet sitt med rette. Saltgehalten er 11 %. Altfor salt til at fisk kan leva der. Byen er omkransa med høge, flotte og snøkledde fjell. Dei første treningsrundane er gjennomførte på isen i Utah Olympic Oval. Gutane let på at isen er framifrå. ”Her må det gå an å gå fort“.

I morgon onsdag står 10 000 m og 5 000 m for tur. Onar har lagt opp skjema til personleg rekord og håpar å gå under tida 16.32.6, som er den legendariske verdsrekorden til Hjallis. Han har også sett seg som mål å gå under 2.06.3 på 1500 m. Dette er også ein kjend verdsrekord … (Juhani Järvinen sette denne i Squaw Valley under prøve-OL i 1959). Harald vil prøva seg litt fram, men håpar å gå klart under 18 minutt. Jan Henriksen siktar seg inn mot personleg rekord på 5000 m.

Torsdag og fredag er det liten firkamp (500 m , 3000 m, 1500 m og 5000m). Søndag  vert det sprint med 500 m og 1000 m. Alle reknar med å gå fortare enn i Calgary. I tillegg til litt raskare is er gutane no betre akklimatiserte. Men dei lengste distansene er sjølvsagt ei stor utfordring i den tynne og tørre lufta. Dagane vert spanande også for dei som står på vekslingssida og sekunderer.