Under «Sunnhordlandstreffen» vert det skote på banar på Fitjar, Stord, Bømlo  (sør) og Bremnes. – På Fitjar var det i år rekorddeltaking med 272 deltakarar. Det er 51 meir enn på fjorårets stemne, fortel Kjell Kristian Midtsæter til fitjarposten.no. Bilete: Ruben Tufteland, Tormod O Brandvik, Lars Sigurd Tufteland, Malene Halleråker under skyting på Bremnes. Foto: FSL

Kjell Kristian er ein del av ei lita gruppe i Fitjar Skyttarlag som har stått på med dugnad gjennom heile veka for å gjennomføre eit stemne av dette omfanget. No vil han rette ein stor takk ti alle som har gjort sitt for å få det til. Han kan fortelje at dei har fått mykje skryt frå dei tilreisande frå andre klubbar, noko fitjarposten.no fekk stadfesta når me var utom stemnet på laurdag.

Det var ingen fitjarbuar i elden då, men me fekk en prat med to ifrå Os, og ein heil gjeng ifrå Ølen Skyttarlag. Dei talar vel om opplegget, og osingane peikar spesielt på at det er greitt skilta ved vegen, og såleis lett å finne fram til banen.

Skyttargjeng frå Ølen. F.v. Knut Trovåg (v. 73), Eivind Lien (Kl 5), Erling Lien, Ragnhild Lien, Johannes Heggebø (v73), Erling Lien (v65) og Johannes Heggebø (v73). Foto: Håkon C. Hartvedt

Mor og dotter frå Os. Sophie Daviknes (Kl 1) og Celine Daviknes (Aspirant). Foto: Håkon C. Hartvedt 

Celine i skytestilling. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Resultat fra stemnet på Fitjar:


Resultata kjem opp på veggen i klubbhuset etter kvart som skyttarane skyt. Og ikkje berre det. Dei kjem òg på internett. Så no kan besto og besten følgja med på korleis barnebarna skyt, direkte frå sofakroken heime. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Hold 200m
Vinnar klasse 3-5: John Olav Ågotnes fra Sartor med poengsum 348p fekk òg banerekord på Fitjar. Han vann òg samanlagt på alle stemna i Sunnhordlandstreffen. (Han er tidlegare skyttarkonge på Landsskytterstevnet)

John Olav Ågotnes

 

Vinnar klasse V55: Leiv Håkon Kaldestad fra Husnes 347p

Hold 100m
Vinnar klasse Rekrutt: Line Rødland fra Klepp med poengsum 349p
Vinner klasse Eldre Rekrutt: Markus Andreas Aadland fra Tysse med poengsum 350p. Det er banerekord i ER klassen på Fitjar.
Vinnar Klasse Junior: Mats Aadland Flatås fra Stord med poengsum 350p: Det er òg banerekord i Junior klassen på Fitjar.
Vinnar klasse V65: Reidar Dahle fra OS med poengsum 349p
Vinner klasse V73: Erling Haugland fra Fana med poengsum 350p

 

Deltakarar frå Fitjar i Sunhordlandstreffem

Fitjarstemnet
Jonas Vik klasse ER resultat 310p
Malene Halleråker klasse ASP resultat 220p
Julie Torvund Midtsæter klasse ASP resultat 237p
Erik Fitjar klasse ASP resultat 233p
Ruben Tufteland klasse ASP resultat 239p
Lars Sigurd Tufteland klasse ASP resultat 222p
Tormod O Brandvik klasse ASP resultat 224p
Nils K Rydland klasse V65 resultat 332p
Karl Andre Rydland klasse 3 resultat 322p

Stordstemnet
Ruben Tufteland klasse ASP resultat 239p
Julie Torvund Midtsæter klasse ASP resultat 238p
Tormod O Brandvik klasse ASP resultat 234p
Malene Halleråker klasse ASP resultat 225p
Lars Sigurd Tufteland klasse ASP resultat 217p
Nils K Rydland klasse V65 resultat 343p

Bremnesstemnet
Nils K Rydland klasse V65 resultat 341p
Julie Torvund Midtsæter klasse ASP resultat 242p
Tormod O Brandvik klasse ASP resultat 241p
Ruben Tufteland klasse ASP resultat 235p
Malene Halleråker klasse ASP resultat 200p
Lars Sigurd Tufteland klasse ASP resultat 171p

 

Julie Torvund Midtsæter og Jonas Vik Skyting på Bremnes. Foto: FSL