Fitjar Kultur- og Idrettsbygg takkar Fitjarfolket som møtte opp i eit rekordtal på kino sist søndag. – Nesten 400 møtte opp på dei to førestillingane me hadde sist søndag, og me oppmodar folk om å koma på kino i heile haust, og me skal lova å halda fram med kinoframsyning i Fitjar, seier styreleiar for Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, Agnar Aarskog, til fitjarposten.no.