-30 grupper er til no påmelde til Revyfestivalen ”Berre Galskap”. Påmeldingsfristen er ut denne månaden, så det går mot rekord i talet på grupper og personar, opplyser Ole Bergesen til fitjarposten.no.
Bergesen fortel vidare at billettsalet er starta, og at det no er mogeleg å sikre seg plass på dei tre framsyningane som blir vist i Fitjar Kultur og Idrettsbygg.
-Finalebillettane er dei som går først, men vil gjera merksam på at det blir mykje lått og løye også på kvaliken på fredag kveld, samt på dagframsyninga på laurdag, der me òg har familiebillettar til rimeleg pris !
Det som er nytt er at me opnar opp for alle som er interesserte, på alle kursa me køyrer ! Desse kursa går over 2 dagar, fredag 19 september og laurdag 20 september, frå kl. 10.00 – 13.00 ! Pris pr kurs er kr. 600,-
Alle interesserte kan ta kontakt med Ole Bergesen for påmelding. Aldersgrense 15 år. Tlf 95 97 51 50
Det vert kurs i følgjande:
1: Dans & Koreografi
Kursleiar Petter Aagaard.
2. Skodespelarteknikk
Kursleier Vestlandske Teatersenter
3. Frå Ide til Nummer
Kursleiar Vestlandske Teatersenter
4. Sminke
Kursleiar Vestlandske Teatersenter
5. Produksjonsleiing
Kursleier Steinar Thorsen
Billettsalg administreres av Fitjar Fjordhotell : 534 57 700