Tidlig søndag morgon 27. juni reiste ei gruppe på 14 frå Stord og Fitjar på tur til Bobrynets lengst søraust i Ukraina.

Framfor dei låg 3000 km som dei rekna med å gjere unna innan torsdag morgon. Retur til øya er sett til ca 10. juli.

Bobrynets er ein liten by med 12 000 innbyggjarar og på storleik med Leirvik. Dei fleste på teamet er tilslutta menigheten Fyrlykta, og det er med folk i alderen 5 til 85 år. Det er Barmhjertighetsbussen med Willy Ersland som reiseleiar som arrangerer denne turen. Gjennom 10-11 år har Barmhjertighetsbussen arrangert mange turar til denne plassen, og tonnevis med kle og utstyr er levert til fattige i Ukraina.

På denne turen har dei òg med nye varmekjeledressar til barn som dei frå Monter, strikketepper frå Fitjar Vidaregåande skule og sportskle frå Sykkel og Sport. Vidare har dei med  barnebilseter og babyutstyr, leikar, såpe, sjokolade og kaffi. Fleire damer har strikka mange ulike klesplagg som jakker, genserar og sokkar.

På denne turen skal teamet mellom anna vitje ein barneheim, sjukehus, gamleheim, og dei skal vitje folk i byen og ha møte i kyrkjelyden dei samarbeider med. Dei skal også ut i landsbyane som ligg i ein 4-5 mil i omkrets for å ha møte i kyrkjelyder som er tilknytt hovudkyrkjelyden.

For fleire i teamet er det fyrste gongen dei reiser til Ukraina, og mange var spente på dette. Vi vil kome tilbake med meir stoff om denne turen seinare.