Vårt medaljehåp under Paralympics i Vancouver, Mariann Vestbøstad Marthinsen, er no på veg mot OL-arenaene. -Eg gler meg, seier ho til fitjarposten.no.

Når Paralympics startar 12. mars, er Mariann altså forlengst på plass. Størst sjanse har ho nok på sprintdistansen i ispigging. Nyleg vann ho eit word-cup stemne nettopp på denne distansen. Så på ein god dag kan det bli medalje her, vonar ho.

Frå før har Mariann ein bronsemedalje frå sommar-OL i Beijing. No har ho sjansen til å bli ein av få nordmenn med medalje i frå både sommar- og vinterparalympics.

Me ønskjer all mogeleg lukke til.