Den reiseglade fitjarbuen Anders Røyrøy har sett sett meir av den store, vide verda enn dei fleste av oss, og i vår gjekk turen til Japan. Før han reiste «bestilte» me reisebrev, som du kan lesa nedanfor.

Sushi, sashimi og tempura – eksotisk mat som no er in i Norge. I tillegg smaker den veldig godt, sjølv born likar den. Men korleis smakar den i det landet den kjem i frå, Japan? Spennande, men veldig langt borte …

Reise i Japan
Det hjelper å ha planlagt turen godt med gode råd frå både naboar og vener + Lonely Planet, slik at alt praktisk talt går på skinner. På skinner gjekk det bokstaveleg talt, alt frå lokale tog til ekspresstog (Shinkansen), sistnemnte er japanaranes stolthet. For en presisjon – aldri sett maken til tog. Alltid i rute, og kan ikkje samanliknast med NSB (eller andre europeiske tog). Og slik skal det vel vere for at et samfunn med så mange menneske skal fungere?

Kom du for seint til eit tog, kunne du alltid ta det neste som gjekk om nokon få minuttar. Og ein skulle tru at me skulle få problem med å finne det riktige toget, men nei da, der og hadde japanarane tenkt, og laga skilt på engelsk til turistar og andre som ikkje skjønar dei lokale teikna.

Kva var det Kjetil sa – Japan vil vera det lettaste landet for oss å finna fram i. Me var ikkje heilt overtydd då, men det viste seg at han fekk rett.

Og togpersonalet tok i mot oss som me skulle vore kongar:

• Konduktøren stod i giv akt i 100 km i timen da toget forlét stasjonen – bøygd ut av vindauga og helsa til folket
• Og han bukka djupt når han kom inn i ei ny vogn og like djupt når han forlét den på veg til den neste
• For ikkje å snakka om Hello Kitty eller kanskje det var serveringsjenta? Ho kom lydlaust bort over golvet – og såg så vidt på oss. Når me prøvde å bestille gjekk det overraskande enkelt – på engelsk

Lokal overnatting
Og det var ikkje berre der me blei varta opp. Me ville prøve å sove som japanarane på ei madrass på golvet. Derfor prøvde me ein tradisjonell ryokan i Kyoto. Der blei me møtt av et vennlig personale som starta med å ynskja oss velkommen, og servera oss grøn te. Som reia opp sengene på golvet kvar kveld. Og for sikkerhets skuld lærte dei oss alle reglene. Dei var viktige.

Utesko, gangsko, innesokkar og dosko. Me gjekk på nokon bommar i starten, men etter kvart kom me inn rutinane. Det einaste me ikkje følgde japanarane i, var at me bestilte vestleg toalett. Der gjekk komfortgrensa for ein av oss, ikkje heilt komfortabel med et hol i golvet. Men me var veldig begeistra for varmebadet. Kvinner og menn separat, og alle skulle bada i nettoen. Rart så sky japanarane framstår.

Ting å sjå
Me ønskte å sjå både tempel og skyskraparar. Derfor drog me til Kyoto, Nara og Tokyo. Alle har det til felles at dei har vore, og sistnemnte er, hovudstad i Japan. I tillegg har dei ei rekkje kulturattraksjonar å sjå, så det heile blei det ein minnerik tur. Det var et mangfald av tempel i alle fasonger, bonsai hagar, vakre innsjøar og kirsebærbløming.

Templa låg ganske så spreidd så me leigde syklar. Å sykle i Japan er ein kunst i seg sjølv. Det var smale sykkelfelt på kvar side av vegen, i tillegg var det gangbane og bilveg, alt innafor ei breidde av eit kjørefelt i Norge. Og i tillegg var jo alt motsett av i Norge, då Japan som ei øy gjer som engelskmenn og andre, dei praktiserer venstrekjøring. Men me kom oss fram. Etter å ha besøkt mange tempel er det lov å sei at me ble litt metta.

Mat
Ja, når me snakkar om å bli mett, var maten veldig god, men porsjonane var små. Med det resultat at me måtte gå innom supermarkedet på vei heim til ryokanen kvar kveld. Sushien i Japan var spesiell. Fisken virka veldig fersk, risen perfekt kokt og tilbehøret … ja, kva var det eigentleg me fekk? Alt såg veldig delikat ut, men me fekk ikkje helt med oss kva det var. Ein ting kunne me bekrefte, maten såg veldig lik ut om det var frukost, lunsj eller middag. Og det var i alle fall lite kjøt og mykje ris. Når me endelig fant ein restaurant som selde kjøtt, fekk me grilla det sjølv. Det smaka utmerka. Og den kvelden var me ikkje innom superen på vei heim.

For å hindre magevondt lærte me oss til at eit glas eller to av sake, lokalt brennevin fiksar biffen. Me drakk den kvar kveld, passe varm, og blei kjent med både baren og bartenderane. Og me blei ikkje sjuke. Eit meir reinsleg folkeslag skal ein leite lenge etter. Me fikk våte og varme vaskeserviettar før og etter kvart måltid.

Japan
Dersom du er klar for ei oppleving forskjellig frå den norske, men likar organiserte omgjevnader, og liker å komme fram til avtalt tid, er Japan ferielandet for deg. Me har berre sol på alle bileta våre, men nett det var kanskje litt flaks. Det starta å regne kvar gong me reiste frå byane der nede.