Hordaland Bondelag har hatt leiarmøte på Island der fitjarfolk, og andre frå Sunnhordland, var med. Dei har sendt oss reisebrevet du kan lese nedanfor.

Kvar haust samlast lokallagsleiarane i Hordaland til leiarmøte rundt om i fylket. Denne hausten tok me ein ny vri og reiste til Island frå 27. september til 1. oktober Det vart ei flott ramma rundt eit viktig møte for lokallaga.

Me hadde med oss Karvel Strømme som fortalde levande og engasjert om Island og dei historiske stadane me vitja. Fredagen hadde me ein flott rundtur i Thingvellir, me fekk sjå Gullfoss og oppleva geysiren. På bussturen fekk med informasjon både om Island og landbrukspolitiske saker.

Laurdagen var me på gardsbesøk. Me vitja garden Bjarteyjarsandur ved Hvalfjorden. Der hadde dei 600 vinterfôra sauer, og dei tok imot besøkjane,både skuleklassar og bønder frå Norge. Dei fortalde om garden og utfordringane dei hadde i landbruket på Island. Hordalandsbøndene lytta interessert og kjende seg igjen i mykje dei fortalde om. Prisane på landbruksvarene vart pressa ned av kjedene. Sjølv om berre 1,3% av landet er dyrka mark, klarer dei å produsera om lag halvparten av den maten dei treng.

Heile søndagen var satt av til møte om viktige saker for bondelaget. Kva må til for at me skal sikra framtidig matproduksjon på gardane i Hordaland og korleis kan me jobba for å få det til? Auka inntekter, jordvern, rekruttering og informasjon er viktige saker for bondelaget. Korleis skal me få politikarane til å forstå at me treng trygg mat og at me alle har eit ansvar for eigen matproduksjon? Dersom gardane ikkje lenger blir drivne, vil kulturlandskapet gro igjen eller bli nedbygd. Og mange arbeidsplassar vil forsvinna.

For at me fortsatt skal klara å jobba for desse sakene, er det viktig for oss å få fleire bønder med i bondelaget. I landbruket har me mange ulike produksjonar,små og store, som alle treng eit inntektsløft, men me må stå samla i ein organisasjon for å bli høyrd. På Island måtte alle bønder vera medlemmer i det islandske bondelaget, Bandasamtøk islandi. Det er vel ikkje vegen å gå for oss, men alle er velkomne!

Me sit att med mange inntrykk og flotte naturopplevingar. Og ikkje minst er me blitt godt kjende med kvarandre og felles utfordringar. Det vil me ha nytte av i bondelagsarbeidet.

Helsing utsendingane frå Sunnhordland.