Foto: Planprogram kommunedelplan for vassforsyning, avløpshandtering og vassmiljø 2020-2030

Fitjar kommunestyre vedtok planprogram for kommunedelplan for vassforsyning, avlaupshandtering og vassmiljø 2020-2030

Fitjar kommune er i gong med arbeidet med å rullera hovudplan for vassforsyning 1995-2010 og hovudplan for avlaup 1997-2010. Ei arbeidsgruppe har no laga eit planprogram for dei to kommunedelplanane. Norconsult har vore plankonsulent, og skal utarbeida forslag til plandokument og delutgreiingar.

Planprogrammet fortel oss formålet med kommunedelplanane, samt setter rammer og premiss for arbeidet.

Kommunedelplan for vassforsyning skal legga til rette for gode og framtidsretta løysingar, so Fitjar kommune kan levera nok og godt vatn heile tida, samt sløkkevatn ved brann. Hovudutfordringane for vassforsyning er knytt til forsyningstryggleik frå vasskjelda, reinsekapasitet ved vassbehandlingsanlegget og brannvasskapasitet.

Medan kommunedelplan for avlaup og vassmiljø skal legga til rette for gode og framtidsretta løysingar for oppsamling, transport og reinsing av avlaupsvatn. Den skal ogso gjera vurderingar kring overvasshandtering, og ein skal ha fokus på arbeid etter vassforskrifta. Ein har mål om å oppnå og oppretthalda god økologisk og kjemisk tilstand i alle vassførekomstar i kommunen. I hovudsak er utfordringar knytt til avløpshandtering at det er fleire ureinsa kommunale avløpsutslepp og tidvis mykje framandvatn.

Klima og framtidig infrastruktur

Planprogrammet meiner at desse vert framtidige utfordringar for begge planane:

– Klimaendringar: Ein treng ein plan for å handteria overvatn, som vil koma av hyppigare ekstremnedbør i framtida. Dimensjonerte leidningsnett må på plass.

– Leidningsnett: Ein må driva kontinuerleg arbeid med å fornya leidningsnettet for å oppretthalda funksjonen. Dårleg tilstand på vass- og avløpsleidningsnett fører til lekkasjar både inn og ut av leidningar, forureining, sløsing med energi, leidningsbrot, overfløyming, kapasitetsproblem og andre driftsproblem.

- Annonse -

– Vidare utbygging: Planen skal legga til rette for infrastruktur i samsvar med utbyggingsmønsteret i gjeldande arealplanar i kommunen.

– Energiforbruk og berekraft: Framtidsretta og berekraftige løysingar for vassforsyning og avløp skal leggast til grunn ved vidare utbygging av vassforsyninga og avløpsanlegga i kommunen.

– Økonomi og gebyr

Planprogrammet har vore på høyring, og ein har teke med seg innspela ein fekk vidare i prosessen. Kommunestyret vedtok planprogrammet samrøystes. No kan ein byrja arbeidet med kommunedelplan for vassforsyning og avlaup, og målet er at planane skal vera klare for endeleg vedtak til hausten.