Til liks med andre ivrige turfolk har me teke turen til Tindaslottet for å sjå reinrose i blomst.

Reinrosa er ein aldri så liten attraksjon, og for folk i vanleg god form kan det vera vel verdt å ta turen opp på Tindane no før ho har blomstra ferdig. I år laga ho seg klar til å blomstra rundt 17. mai, noko som ifølgje lokalkjende folk er noko tidlegare enn vanleg. Med årets vinter og vår i friskt minne treng me ikkje undrast over det.

Tindane skal vera vestlegaste plassen i Noreg me finn denne høgfjellsplanten. På heimesida til Miljødirektoratet kan du lesa meir om den rike vegetasjonen i dette spesielle fjellområdet.

Den nye stien frå Tindaslottet mot Mosavatnet har me omtalt før. Om du går litt utanom stien, vil du og kunna finna molte i blomst. Men me vil ikkje fortelja nærmare bestemt kor…