Kommunestyret godkjende i går samrøystes den framlagde planen for FMV. Foto: Supplybåt frå DOF ved kai på Sveiseneset onsdag. Foto: Harald Johan Sandvik

FMV har trong for å utvida og modernisera anlegget sitt, og dei har fått utarbeidd ny reguleringsplan for området. Då planen vart lagt fram, inneheldt den mellom anna ein stor sjøhall som var 50 m. høg. Den høgda er no redusert til 27,5 m. Planen vart samrøystes godkjent i Utval for plan og miljø på tysdag. Leiaren i utvalet, Torstein Grimen, hadde ordet og rådde kommunestyret til å vera samrøystes i vedtaket. 

Planområdet er totalt ca. 79,7 mål, derav 40,7 mål i sjø. 

I kommunestyret tok Harald Rydland, Krf, ordet til saka. Han ville gå inn for planen, og grunngav det med 6 punkt:  
        
1: FMV har vore og skal vera ei viktig næringsverksemd i Fitjar. Då må ein leggja til rette for det.                  

2: FMV driv i ein tøff bransje med knappe marginar. Ei eventuell flytting av heile  verksemda til Årskog Industriområde vil ikkje vera økonomisk forsvarleg.

3: Slik planen er no, er den mykje meir skånsam enn første utkast, der sjøhallen var 50 m. høg.  
   
4: Andre stader lever næringsliv og bustadområde godt saman      

5: Verksemda vil ta omsyn til naboane etter beste evne.        

6: Kommunestyret ynskjer FMV alt godt for drifta i framtida. Dersom det likevel ein gong vert slutt på industri, bør området ryddast for store installasjonar.

I sum: Dei ulempene som vert nemnt: Tap av utsikt, støy og anna, veg ikkje opp for verdien av ei levande industriverksemd med mange arbeidsplassar i Fitjar. Han ynskte  FMV og naboane alt godt framover. 

 

Sigurd Andre Maraas, Frp, poengterte at FMV er ei hjørnesteinsbedrift, og ein må då leggja til rette for god drift vidare. Me må også tala vel om verksemdene våre i samtale med andre.

Lars Ove Rimmereid, Sp, gjekk også inn for planen. Det er ei gladsak når nokon vil investera i Fitjar. Samtidig er det både positivt og naturleg at det kjem reaksjonar og kommentarar til ein så viktig plan. Saka har vore seriøst handsama på kommunalt hald. 

Ved røystinga vart reguleringsplanen samrøystes vedteken.