Eit kolossalt lokalt regnskyll, som mest berre ramma Fitjar sentrum her i bygda, dundra òg nedover Speidarleiren. Fitjarspeidarane fekk øydelagt ein lavvo, men stemninga er likevel god, om enn litt våt.

-Det går greitt. Me omorganiserer slik at dei som låg i lavvoen, får plass i andre telt, seier Sigrid Fangel til fitjarposten.no, og Leif Sigurd Larsen har allereie tinga tørr ved til troppen.

Regnskyllet er elles noko av det sterkaste me kan minnest å ha opplevd i sentrum. Lenge stod det ikkje på. Frå omlag 20.30 -21.00 på det verste, men det var mest monsun-sydenaktig i sin styrke, og rett nedanfor redaksjonslokala til Fitjarposten, vart vegen ei stund omdanna til ei elv som fylte heile gata.

På speidarleiren prøvde Siri Landa og Hannë Larsen å berge lavvoen som velta og rivna, men det lukkast ikkje. Drivande gjennomvåte er dei likevel i godt humør, der dei ser bort på regnbogen som gir lovnad om betre vêrforhold.

Andre plassar i leiren var det full aktivitet på drenering og grøfting, medan ei gruppe frå Vikebygd allereie hadde fått fyr på bålet att.

Stemninga rundt om i leiren var likevel kjempegod, og så har ein òg fått ei ekstra oppleving å snakka om etter leiren.