Sist var det Fitjar sentrum som fekk det. No var det Dåfjord-området som fekk eit kolossalt regnskyll. Les observasjonen til Annar Westerheim, nedanfor.

-Eg tok på meg flytedressen og prøvde berga delar av vegen i natt.

Frå kl. 23.10 til kl 0030 kom det 65mm. nedbør, det tilsvarer 65 liter pr. m2, eller 65 000 liter pr. mål.  
 

Det er uvanleg mykje på så kort tid, fram til kl. 07.00 kom det nye 20mm .

85mm på 8 timer er mykje vatn. Så det får vera ei trøst at de er fleire sambygdingar som har dei same arbeidsoppgavene i dag .

Får berre håpe at speidarane som skal liggje ute, utan telt, i natt, slepp regnskyll av dette formatet. (Red. komm.)