Klasse 7a og 7b frå Rimbareid skule tok turen til Synningjo onsdag 16.januar 08…

Det var ein kjekke tur, men regnet herja for fullt den dagen. Men dei som var godt kledd hadde stort smil heile dagen. Me sykla til Synningjo: Turen gjekk på sykkel i lang, lang rekkje.

Klassane laga gapahuk, jentene ein og gutane ein. Jentene låg eit stykke bak gutane, men då dei fekk sett i gong var det stor framdrift hjå begge. Men det måtte sammarbeid til for å festa dei høgaste stokkane. Nokre trengte hjelp til andre ting og…..

''Det var ein kjekke tur,men ALT for masse regn!!!! Eg skulle ønskja at det hadde vore fint heile dagen.'' seier Gunn i 7a. Me grilla pølser og dei fleste hadde med noko varmt å drikke og ein liten tur- sjokolade!

«Kva synest du om bygginga ?», spurde me Marie i 7a.

''Me låg langt etter då me begynte…Men då me slutta av såg det ut som om me var komne lengre enn gutane…Det var kjekt å leggja kvistar som veggar og knyta stokkane i taket fast, for det var det eg gjorde''.

Det var mange våte sokkar då me skulle pakka. Nokon måtte varma seg på bålet for det blei vel så kjøligt den dagen…

Me avslutta dagen med ein kjekk leik; ''3. mann i vinden'' Då blei det liv og røre…. 

 ''Dagen enda godt i dag og'', sa Solveig i 7b som ønskjer at det blir fint ver neste gong dei skal ut på tur….. Ja, for dette gjer 7A og B fast ein gong i månaden – uansett ver.