Søndagsskulen sin dag vart markert i Fitjar i dag med familiegudsteneste i kyrkja og aktivitetar og matsal på Fitjar bedehus etterpå. Regnet haldt seg vekke så lenge aktivitetane varde, og ungane strålte.

Dagen starta med familiegudsteneste der historia om Marta og Maria som hadde besøk av Jesus stod i sentrum. Ungar frå dei ulike søndagsskulane og klubbane i bygda deltok aktivt med prosesjon, song, bøn, dramatisering m.m. Etter gudstenesta vart kyrkjelyden leia opp til bedehuset av ein flokk flinke, spelande og marsjerande  musikkantar frå skulekorpset. På bedehuset kunne ein skaffa seg både salt og søtt for ein rimeleg penge, og det var mange ulike aktivitetar og konkurransar å delta i for både små og store.  For ein del var riding eit høgdepunkt, andre var meir fasinert av radiostyrde bilar eller skyting med pil og boge eller skyting med erter. Stemninga såg ut til å vera svært god, og det var langt, langt over hundre menneske frå heile bygda som var innom på bedehuset dei to timane aktivetatane varde.

Resultatlista syner vinnarane i dei ulike konkurransen ein kunne delta i:

Billøp: 2.-3. klasse:  Berner Haukeland, 4.-5. klasse: Jonas Vik, 6.-7. klasse: Andreas Vik

Stylteløp: Opp til 4. klasse: Thea Træet, 5. klasse og oppover: Guro Rimmereid, vaksne: Johannes Olsen

Spikerkonkurranse: Under skulealder: Elisabeth R. Sæbø, 1.-4. klasse: Emil Sørfonn, 5.-7. klasse: Svein Arne J. Raunholm, 8. klasse og oppover: Helga J. Raunholm / Sverre Fangel Brekke

Hesteskokasting: Opp til 1. klasse: Emil Sørfonn, 2.-4. klasse: Liv Hanna J. Raunholm, 5. klasse-18 år: Joffen, vaksne: Nils Vestbøstad

Tippekonkurranse (snop på glas): Siren Brekke / Sindre Aarbø

Først då premieutdelinga var over, glade og fornøgde ungar var på veg heim og alle søndagsskuleleiarane tok til å rydda, slapp skyene den første regnbyga over Fitjar igjen.