NM-runden i rallycross i Vikedal denne helga var sesongens høgdepunkt for Håvard Helland, men utan regn blei han eit stykke bak dei andre «verstingane» i den største klassen.

I år hadde Håvard Helland sikta seg inn på NM-runde nummer 2, på heimebane i Vikedal. Ny «versting»-motor var på plass i den gamle Volvo-en til faren, Ole Vidar Helland. Med godt over 300 hestekrefter under panseret hadde Håvard håp om å nærma seg dei beste rallycrossførarane i Noreg i den største klassen. Her stiller bilar med motor over 2000 ccm, og mange bruker mykje meir pengar på sporten.

Dette skulle ikkje vera til hinder for at Håvard kunna kjempa jamt med dei beste, men berre ei veke før løpet i Vikedal rauk den nye «versting»-motoren på rundt 330 hk. Dermed hang heile NM-starten i ein tynn tråd for Håvard. Tida var altfor knapp til å få reparert den øydelagde motoren, og han måtte setja i den gamle, på «berre» rundt 280 hk. Den er gammal og sliten, frå 1996, og blei overhalt sist i 2004. Det har vist seg før at den er litt for liten, men Håvard manna seg opp og fekk den på plass under panseret, for i det heile å kunna stilla til start i Vikedal under NM-runden.

Dersom det hadde komme regn, hadde han nok ikkje hamna så langt bak dei beste. Då er det nemleg ikkje så godt feste, og skilnaden i motorkraft blir ikkje så stor. Men Håvard fekk i alle høve stilt til start, og seier seg bra fornøgd med innsatsen i Vikedal. Bilen fungerte bra, og sakkyndige racerfolk frå Fitjar fortel at han kjørte fint og ryddig heile vegen.

– Det er spesielt ut av svingen du merkar at motoren ikkje har nok kraft, fortel Håvard. Her tapte han kanskje eitt sekund per runde, og dermed blei det ingen finale for Håvard denne gongen. Til slutt enda han på ein 19.-plass, og mangla eit par sekund på å nå C-finalen. Håvard vel å fokusera på det positive, at han i det heile klarte å stilla til start. – Det var slett ikkje mislukka å bruka dern gamle motoren frå 1996, seier han, og surmular ikkje over at han måtte sjå Ørjan Lutsi frå NMK Jørpeland vinna NM-runden framfor Tommy Rustad frå NMK Hadeland. Beste Vikedals-førar blei Bjørn Magne Moland Enge på 11.-plass. No satsar Håvard på å få reparert den store motoren snarast, slik at han kan få med seg neste VM-runde.

Om ikkje Håvard fekk vist seg frå si aller beste side, fekk iallfall ein stor kontingent fitjarbuar ei flott helg i Vikedal. Heile 17 bubilar og campingvogner frå Fitjar var på plass i det flotte sommarveret. Over 20 varmegrader, seier rapportane, altså 10 grader varmare enn heime. Fleire tusen tilskodarar er det største talet på lenge, men ikkje publikumsrekord. – For den blei sett ein gong på 1980-talet, seier Ole Vidar Helland.  – Då motorsporten var ny på Vestlandet, møtte rundt 10 000 på løp i Vikedal!