Dimensjonen på røyra er for liten, her rann det over då vassføringa var på det høgaste. Foto: Kjetil Rydland.

Det ekstreme regnvêret i førre veke øydela parkeringsplassen ved Rydlandssago og litt av grusvegen ovanfor Olstjødno.

Me har ikkje fått meldt om store øydeleggingar etter regnvêret natt til onsdag i førre veke. Men mange tjørnar, elvar og bekker gjekk over sine breidder og tok med seg sand og grus.

Overvatnet har sett djupe spor etter seg på parkeringsplassen. Foto: Kjetil Rydland.

Ein gjengangar i så måte er parkeringsplassen ved Trebruo, rett nord for Rydlandssago. Her har Stebmetjødno runne over fleire gonger, og elva har teke med seg grusen på parkeringsplassen til Friluftsrådet vest.

Dei har fleire gonger fått lagt ny grus på, men dette er ikkje noka varig løysing. Skal me tru vêrprofetane, vil ikkje ekstremt regn bli sjeldnare; det vil heller koma oftare i framtida.

Det må leggjast nye røyr under parkeringsplassen; dei er heilt tydeleg for små. Men det må nok gjerast ein jobb oppe ved tjødna der det renn over fleire stader, og det har kome vatn rennande nedover skogsvegen òg.

Me har snakka med Annar Westerheim i Friluftsrådet vest. Han har lova å ta kontakt med dagleg leiar Oddvin Øvernes, og vonleg vil dei prøva å finna ei løysing.

Slik ser parkeringsplassen ut etter regnvêret i førre veke. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -