– Me er glad for at Fitjar ser kor viktig skulebiblioteket er for lesing og har søkt på dette tilskotet, seier ordføraren i Fitjar.

Regjeringa har bevilga 14 millioner kroner i statsbudsjettet for 2018 til lesestimulerande tiltak for born og unge i skulebibliotek og folkebibliotek som vert nytt som skulebibliotek. Fitjar kommune var ein av 27 som fekk innvilga søknaden (45 søkte) og fekk 494 500 kroner til dette.

– Biblioteka er viktige for å styrke elevanes leselyst og leseferdigheiter. Gjennom skulebiblioteket får elevane enkelt tilgang til ny kunnskap i litteratur og kultur, seier Wenche Tislevoll (H) og Sigurd Andre Maraas (FRP).

Dei viser til at partia i regjeringserklæringa har sagt at det skal satsast på biblioteka.

– Tilskudda til skulebiblioteka er ein del av regjeringa si satsing på tidleg innsats. Med disse pengane får biblioteka høve til anten å tilsetja fleire ressursar eller nytta dei til kompetanseutvikling.

Det er Utdanningsdirektoratet som har lyst ut midlane og behandla søknadane.

– Me er glad for at Fitjar ser kor viktig skulebiblioteket er for lesing og har søkt på dette tilskotet. Det er viktig at alle elevar meistrar lesing tidlig. Det er ei grunnleggjande ferdighet alle treng for å lykkast i utdanning og arbeidsliv, seier Tislevoll og Maraas.