Justis- og beredskapsministerMonica Mæland på Fitjar besøk. Her saman med Jo Kjetil Strand og Silja Ekeland Bjørkly på Dåfjorden Slipp. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Regjeringa droppar å leggje fram eit lovforslag om portforbod for Stortinget. Det stadfestar justisminister Monica Mæland (H) overfor NRK.

AV: NPK-NTP/ Ingrid Hovstad

– Det er vår oppfatning at vi ikkje har bruk for portforbod som tiltak. Vi meiner likevel at det var riktig å greie ut dette, i ein usikker situasjon, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) til NRK.

Framlegget vart lagt ut på høyring 8. januar i år, og det kom inn over 1.400 høyringsinnspel. Dei fleste av desse var kritiske til framlegget.

I januar spurte me gruppeleiarane i Fitjar om kva dei meinte om portforbod. Meiningane var delte. Rune Helland (KrF) meinte portforbod kunne vera eit nyttig verktøy å ha i baklomma. Medan Sigurd Andre Maraas (FrP) uttala at portforbod absolutt ikkje bør vera eit tilgjengeleg verktøy for regjeringa under ein pandemi.

Meir om kva gruppeleiarane i Fitjar meiner om portforbod kan du lesa her.