Stord Fitjar Turlag har sett opp ein registreringskasse ved Svartavatnet.

Rett før du kjem opp til Svartavatnet, ved ein stein, finn du ein aluminiumskasse med ei bok oppi. Boka er ein basarbok med plass til 1000 underskrifter. Me blir oppmoda om å skriva oss inn i boka, med adresse og telefonnummer. Forklaring på opplegget finn me på nettsidene til Stord Fitjar Turlag

Alle som har skrive seg inn kan risikera å blir trekt ut som vinnar når boka er fullteikna.  – Alt gratis, står det på nettsida deira, – men du må sjølv komme deg ut…