Fitjar kommune oppmodar folk til å spara på vatnet når dei vatnar hagane sine. Vassforbruket i Fitjar har hatt ein stor auke dei siste dagane, frå normalt forbruk på om lag 22 liter i sekundet, til opp mot 40 liter i sekundet på kveldstid.

– Dette er nok eit resultat av hagevatning, og fører til at dei som bur i høgare strok misser vasstrykket, og i verste fall vert utan vatn i periodar. Me oppmodar difor våre abonnentar til å unngå hagevatning med spreiar, og å halde hagevatninga på eit minimumsnivå, av omsyn til dei som bur i høgare strøk, heiter det på heimesida til Fitjar kommune.