I 05:30-tida tysdag morgon fekk Hovudredningssentralen i Sør-Noreg melding om at eit fartøy hadde maskinproblem og behov for assistanse.
Meldinga kom frå det 66 meter lange frakteskipet «With Junior» som låg i Selbjørnsfjorden. Det var avisa Sunnhordland som først meldte om hendinga.
– Det var ein uavklart situasjon innleiingsvis, og me sendte difor ut redningsskøyte for å vere «stand by» i tilfelle det skulle utvikle seg. Men det var aldri noko dramatikk, opplyser redningsleiar Steinar Vatne ved Hovudredningssentralen.
Vatne forklarar at skipet grunna maskinproblem hadde kasta anker, men at det hadde dårleg feste.
– I utgangspunktet trong dei slepehjelp, men vurderinga vår var at det kunne vere greitt å få ein redningsskøyte kjapt på plass.
Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen 2» var på staden like før klokka 07. Frakteskipet låg då rett nord for øya Siglo i Fitjar, ifølgje Sunnhordland. Det skal ikkje ha vore dårlege sjøforhold.
– Det var frålandsvind, og det var difor me ikkje kategoriserte det som ein farefull situasjon, seier Vatne, som i 09-tida kunne informere om at slepebåten er på plass og at frakteskipet no vert slept over Selbjørnsfjorden.