Bilete for illustrasjon. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Redningsselskapet ber oss la fritidsbåten liggja i ro i vekene framover på grunn av at koronapandemien gjer beredskapen til selskapet ekstra sårbar.

– Hyttefolket er bedt om å halda seg heime, og no er det båtfolket som bør visa det same ansvaret, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

Beredskap i fokus

Redningsselskapet ber båtfolket om å følgja oppmodinga frå styresmaktene om å halda seg heime så lenge koronaviruset er ute av kontroll, og alle nød- og beredskapsetatar har fullt fokus på situasjonen.

– Vi håpar at alle våre båtvenner og støttespelarar har forståing for situasjonen og tar ekstra omsyn i desse tider. Vi treng redningsskøytene i beredskap inn mot krisa slik ho no er, og ber derfor fritidsbåtfolk om å la båten liggja i fortøyningane, seier direktør for kommunikasjon og berekraft i Redningsselskapet, Hasse Lindmo.

– Det tar ein heil dag å sanera ei redningsskøyte viss vi må evakuera nokon som er sjuk med covid-19 smitte, og under den tida er beredskapen vår nede. Vi håpar i staden å sjå dykk alle på sjøen seinare i år, når smittesituasjonen er under betre kontroll, sier skipsførar Bertil Spetz på redningsskøyta Bergesen d.y.  

Ikkje oppsøk mannskapet!

Redningsselskapet må ta forholdssreglar for å sika at mannskapa er friske og raske til å kunna utføra livreddande oppgåver. Derfor ber dei om at publikum ikkje oppsøker mannskapa på stasjonane.

–  Dersom de skulle trenga vår assistanse på sjøen, ber vi om at de følgjer våre smitteverntiltak og tar imot instruksar fra mannskapet, skriv Redningsselskapet.

Hasse Lindmo i Redningsselskapet oppmodar alle til å bli heime så ikkje belastninga på beredskapen går ut over det som no er viktig: Å halda befolkninga frisk. Foro: Redningsselskapet.