Politiet måtte hjelpe ein familie ned frå Stordafjellet i går kveld /natt, etter at det hadde blitt mørkt og dei hadde kome ut av stien.

Familien, som  var på to vaksne og tre born fortalde til politiet at dei hadde feilrekna heimturen og ikkje rukke ned før det vart mørkt.  Politiet fann dei, og følgde dei tilbake til bilen.

Det skal stå bra til med alle.