Fitjarbuen Johan Ove Sørfonn redda i ettermiddag ein 28-åring som vart liggjande i sjøen etter at jolla hans sokk søraust for Sotra. Hovudredningssentralen på Sola roser redningsdåden.

I følgje bt.no hadde mannen symt rundt i 40 minutt då han vart plukka opp, og hovudredningssentralen melder  at mannen først vart oppdaga av båtfolk på veg nordover Korsfjorden, som såg han liggja å vinka i sjøen. Ein meiner at jolla, som berre var på 10 fot, har sokke raskt, etter at ho kantra.

Til bt.no fortel Johan Ove at han var på veg heim til FItjar frå Bergen då han høyrde om ulukka på VHF-en, og ga beskjed om at dei skulle sjå etter han. Snart fekk han òg auge på mannen, om lag ein kilometer frå land.

-Me fekk plukka mannen opp av sjøen, og pakka han inn i dyner, seier Sørfonn til bt.no.

Ved kai på Kleppe vart 28-åringen undersøkt av ambulansefolk, og det synte seg at han var uskadd, men kraftig nedkjølt.

«Sørfonn og de andre båtfolkene som hjalp mannen, får ros av Hovedredningssentralen på Sola. De har gjort en ordentlig redningsdåd. De tok vare på ham og fikk ham inn til land», kan me lesa på bt.no.