Ordførar Harald Rydland og varaordførar Sigurd Andre Maraas. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Politisk leiing i Fitjar kommune stiller seg bak Stord kommune sin uttale der dei uttrykkjer uro for situasjonen i leverandørindustrien.

Av: Harald Rydland, ordførar Fitjar kommune (KrF), og Sigurd Andre Maraas, varaorførar Fitjar kommune (FrP)

For Fitjar kommune er norsk olje- og leverandørindustri viktig, og det vil vera svært krevjande for kommunen og våre innbyggarar dersom regjeringa sitt skatteforslag ikkje vert endra til å vera meir i tråd med oljenæringa sitt behov og deira oppfordring.

Hjørnesteinsbedrifter er berebjelken i lokalsamfunna våre!

Stord og Fitjar har felles arbeidsmarknad, noko som gjer at me i Fitjar kommune og er sårbare dersom til dømes Kværner (Verftet) og Leirvik (Sveisen) i nabokommunen Stord skulle endra og eventuelt minimalisera drifta si.  Mange fitjarbuar har sitt arbeid knytt til norsk leverandørindustri og deira underleverandørar.

Me i Fitjar vil difor stille oss bak uttalen frå ordførar og varaordførar i Stord kommune, og sender likelydande uttale frå ordførar og varaordførar i Fitjar kommune til styrande mynde. 

Uttalen frå Stord kommune kan ein lesa her: Djupt urolege for situasjonen i leverandørindustrien