Utsegna ovanfor kjem frå leiar i Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, etter at ein ny rapport gjev framlegg om dramatiske endringar i mjølkekvoteordninga.  Bilete:Frå venstre Einar Frogner, styremedlem i Norges Bondelag og Reidar Kloster. Foto: Hordaland Bondelag.

Kloster, som i skrivande stund er på årsmøte i Hordaland Bondelag i Norheimsund, fortel til fitjarposten.no at dette er ei av dei sakene som har vore diskutert på møtet, og det er klart at desse endringane ikkje er noko Hordaland Bondelag ønskjer. – Det vil føre til ein sterkt kvoteforskyving frå Hordaland til Rogaland, og det er me absolutt ikkje tent med, heiter det.

Einar Frogner, styremedlem i Norges Bondelag, kaller det heile «ein alvorleg trussel mot distriktslandbruket», og fortset:

– Norsk mjølkeproduksjon må ta utgangspunkt i kor naturressursane er. Kvoteregioner bidrar til å sikre landbruk over heile landet.

Rapporten
Det er ei arbeidsgruppe nedsett av Landbruks- og matdepartementet som i dag har levert sin rapport om produksjonsregionar for kumelkkvotar til landbruksminister Sylvi Listhaug. I rapporten vurderer arbeidsgruppa tre forslag til ny organisering av kvoteregionane: tre, fem og ni produksjonsregionar, men dei vart ikkje samde om eit prioritert alternativ.

Vil kjempa for dagens ordning
Norges Bondelag vil oppretthalde dagens ordning med 18 kvoteregionar, og dette blir ei viktig sak i årets jordbruksoppgjer.

– I rapporten vert det lagt hovudvekt på at norsk mjølkeproduksjon skal bli mest muleg kostnadseffektiv. Men landbruket i Norge kan ikkje berre handle om å produsere billegast muleg. Mjølkeproduksjonen er ei viktig næring mange plassar i Norge, både når det gjelder sysselsetjing og verdiskaping. Husdyr på beite gjer at landskapet i reiselivsmålet Norge ikkje gror igjen, og det er viktig for det biologiske mangfaldet, seier Einar Frogner vidare.

– Eit bærekraftig norsk landbruk er avhengig av at vi klarer å utnytte dei tre prosentane av landet som eignar seg til jordbruk til å produsere mat. Eg fryktar ei sentralisering av produksjonen til område der landbruket allereie står sterkt, medan jorda i distrikta ikkje blir brukt, legg han til.