Lars K. Vik har takka av, og Ole Haukeland har gått inn som ny redaktør i Radio Fitjar.

Lars K. Vik har vore redaktør heilt sidan radioen offisielt starta vinteren 1994. han fortel at det har vore eit kjekt arbeid utan særleg mange problem å handskast med. -Men nokre telefonar har det no blitt, sa han på Årsmøtet for Radio Fitjar, nyleg.

Ole Haukeland har tidlegare vore styreformann i radioen han no er redaktør for.