Aktuell sak var handsama i dag.

Administrasjonen har jobba grundig med på etablera rutinar og reaksjonsmetodar i samband med uheldig/ uønska bygging i kommunen. Saka var på kartet til kommunestyret også i forrige møte, men vart utsett då.

I dag tok Harald Rydland (KrF) ordet og bad om utsetjing ein gong til. Grunngjevinga hans er at saka er svært krevjande for dei som må handsama dei konkrete sakene, og sakshandsamarane må vera heilt sikre på full ryggdekning frå politikarane på det dei gjer. – Me er ikkje heilt klar enno, sa Harald. – Det må lagast heilt spesifikke retningsliner for reaksjonar på uønska/ ulovleg bygging: Ei kokebok som gjev klare føringar.

Harald Rydland kom med følgjande framlegg:
”Kommunestyret utset saka til første møte i 2014. Utval for plan og miljø må før den tid leggja fram eit eige dokument med retningslinjer for oppfølging av slike saker etter plan- og bygningslova. Dokumentet må ha ein ryddig og oversiktleg struktur og seia noko om kva saker som skal reknast som svært alvorlege, mindre alvorlege og ubetydelege. 

Det må i retningslinjene og gjerast greie for korleis det skal reagerast på dei ulike typene av saker. Det saklege grunnlaget i rådmannen si saksutgreiing sluttar kommunestyret seg til.”

Agnar Aarskog støtta også framlegget frå KrF. – Kall det ulovleg bygging. Det må få konsekvensar når ein gjer noko ulovleg.

Arne Prestbø støtta også framlegget, og bad om at saka vert sendt til Hovudutval for Plan og Miljø. – Saka er så viktig at me må stå mest mogeleg samla.

Kommunestyret tok gruppemøte, og i røystinga etterpå vart Harald Rydland (KrF) sitt framlegg samrøystes vedteke.