Raudstilk er ein liten vadefugl som gjer ganske mykje ut av seg i Fitjarfjellet. Han hekkar blant anna på Grønafjellet, ved Mosavatnet og i Midtfjellet.
Om du ikkje har lagt merke til korleis han ser ut, har du ganske sikkert høyrt lyden. Og du treng ikkje gå lenger enn opp til Botnavatnet. Når du passerer Vandredalsheio, midt mellom Tveitafjellet og Botnavatnet, held fleire raudstilkar eit svare leven.

Dei hekkar i området, og vil naturlegvis skremma vekk alle som kjem for nær. Raudstilken kastar seg på vengene som ein jetjagar når me nærmar oss hekkeplassen, og gir kraftig beskjed. Alarmlyden til raudstilken kan du høyra på fuglelyder.net, eller på denne videoen frå Vandredalsheio denne veka.
Lyden til raudstilken er ikkje blant dei finaste fuglelydane, men er lett å kjenna igjen. Om raudstilken ikkje lagar fin lyd, er det iallfall ingen som kan ta frå han at han har fine bein. Dei raude vadefuglbeina er særprega, og har gitt fuglen namn. Eit lokalt namn som har blitt brukt her i bygda, er «vasspista». Det er truleg litt nedsetjande, og kan tyda ein vadefugl som lagar ein ubehageleg lyd.
Raudstilken hekkar første gong når han er eitt eller to år gammal, og dannar ofte par for livet. Fuglen legg fire egg i mai–juni i eit reir i høgt gras. Begge foreldra er med på ruginga, som tar 24 dagar. Ungane er flyvedyktige etter 25–35 dagar.
Allereie i august begynner dei å trekka sørover, og i oktober har alle dei norske raudstilkane setr kursen mot overvintringsstadene sine langs kysten av Vest-Afrika. I mars–april kjem dei tilbake, og då er dei av og til å sjå nede ved sjøen, før dei trekkjer oppover mot fjellet.
(Kjelder: Wikipedia og Aschehougs fuglebok.)


