Formannskapet i Fitjar. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Formannskapet meiner det integrert bu- og arbeidsmarknaden med høg mobilitet i arbeid og fritid, og påvist mutert virus på Stord gjer det naudsynt å setja i verk strenge smittevernstiltak.

Formannskapet på Fitjar var i dag samla til ekstraordinært møte for å vedta ei lokal forskrift etter smittevernlova. Bakgrunnen for vedtaket er det pågåande smitteutbrotet på Stord, med forgreiningar i Fitjar.

Forskrifta legg opp til lokal skjenkestopp, stengte treningssenter og kulturarenaer, påbod om heimekontor og maksimum tal deltakarar på arrangement og private samkomer.

Stord og Bømlo vedtok liknande forskrifter i dag.

Barnehagar og skular

Formannskapet diskuterte dei ulike paragrafane, og særleg gjekk diskusjonen rundt paragraf 7 om utdanningsinstitusjonar. Her hadde ein foreslått å ta med at barnehagar og småskuletrinnet skulle på til raudt nivå, medan mellomtrinnet og ungdomsskulen skulle ha digital heimeskule. Dette vart tatt ut av forskrifta, då kommunen kan vedta nivåendring i grunnskulen utan forskrift. Noko som vart gjort.

Dermed vert det heimeskule for 5. til 10.trinn ut veka, medan 1. til 4. trinnet får møta fysisk på skulen.

Gjeld til og med 9.april

Formannskapet i Fitjar var samde om at det var viktig med ei forskrift, og at det var rett at Stord, Fitjar og Bømlo la seg nokolunde likt. Formannskapet vedtok dermed samrøystes forskrifta som vert sett i verk 17.03.21, kl. 00:00, og gjeld til og med 09.04.21, kl. 00:00.

Forskrift gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Fitjar kommune. Brot på reglane i denne forskrifta eller vedtak gjeve med heimel i forskrifta er straffbart.

Ekstraordinært møte i formannskapet i dag. Skjermdump.

Les heile forskrifta her:

Fitjar formannskap vedtok Forskrift om førebygging av koronasmitte for Fitjar kommune gjeldande frå og med klokken 00.00 onsdag 17.03.21. Forskrift er heimla i Lov av 5 august 1994 nr 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4- 1.

§ 1 Føremål

Forskrifta skal vera med å hindra eller avgrensa smitte av koronaviruset (SARS-CoV-2) gjennom tiltak som er tilpassa tilhøva.

§ 2 Verkeområde

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Fitjar kommune.

§ 3 Stenging av verksemder

Følgjande verksemder og stader skal halda stengt:

1) Treningssenter, men slik at det kan vera ope for følgjande tilbod:

a) rehabilitering og opptrening som vert gjeve individuelt eller i mindre gruppe med arrangør.

b) individuell trening og behandling der det krev timeavtale.

2) Symjebasseng

3) Museum

4) Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader

5) Andre offentlege stader og verksemder der det går føre seg kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innadørs

Trus- og livssynshus kan halde ope med dei avgrensingane som følgjer av forskrifta § 4.

§ 4 Tal personar som kan vera til stades på eit arrangement

Arrangement og private samkomer på offentleg stad eller i leiga/lånte lokale kan gjennomførast innadørs med inntil 10 personar.

Arrangement og private samkomer utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 20 personar.

Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.

§ 5 Påbod om heimekontor

Arbeidsgivar skal syta for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivar skal kunna dokumentera at dei tilsette har fått melding om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 6 Skjenkestopp        

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøva skjenkebevillinga.

§ 7 Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Høgskule og fagskular skal halde lokala stengt for elevar og studentar slik at
undervisninga vert gjennomført digitalt. Fitjar vidaregåande skule skal over på raudt
smittevernnivå. Barn og unge med særlege omsorgsbehov som ikkje kan takast i vare når verksemda held stengt, skal framleis få tilbod. Tilsvarande gjeld lokale som vert nytta til opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskule, til vaksne i vidaregåande skule og til vaksne i opplæring etter introduksjonslova eller integreringslova og til kursaktivitet under studieforbund. Bibliotek og lesesal i lokala kan likevel halde ope. Institusjonane kan gjere unntak frå kravet i første ledd dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengig av forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å halda oppe progresjonen i studiet.

§ 8 Stans av idretts- og fritidsaktivitetar

Det er ikkje tillate å organisera idrettsaktivitet innadørs. For aktivitet utadørs er det ei øvre grense på 20 deltakar uavhengig av alder, med min 2 m avstand. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater. Stemne, kampar og turneringar er ikkje tillatne.

§ 9 Ansvar

Fitjar kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som skulle følgja av pålagte tiltak etter denne forskrifta.

§ 10 Straff

Forsettleg eller grovt aktlaust brot på reglane i denne forskrifta eller vedtak gjeve med heimel i forskrifta er straffbart, jf. lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 8-1.

§ 11 Ikrafttreding og varigheit

Forskrift vert sett i verk 17.03.21., kl. 00:00 og gjeld til og med 09.04.21., kl. 00:00.