Alle i Fitjar veit at Torhild Andersen er ivrig nynorskforkjempar. No rasar ho mot FrP-leiar Sigurd André Maraas. Han vil på formannskapsmøtet 8. april kome med framlegg om at Fitjar kommune må vurdere om Fitjar framleis skal vera ein nynorskkommune.

Bakgrunnen for Maraas sitt initiativ er ein nyleg kunngjort statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Statistikken byggjer på ei undersøking der ein har sett på samsvaret mellom morsmålsoppæring i grunnskulen og kva for målform ein skriv når ein er 20 år. For Fitjar sin del syner det seg at 63,1 prosent av 20-åringane faktisk skriv bokmål.

– Når ein så i tillegg veit at ein tilsvarande prosent fitjarfolk vel sjølvmelding på bokmål, er det grunn til å vurdere om det ikkje er meir i pakt med folkeviljen at Fitjar etter kvart går over til å nytta bokmål i staden for nynorsk, i skule- og kommunesamanheng.

– Berre å tenkje slik er heilt idiotisk, fresar Torhild Andersen. – Fitjar har lange tradisjonar som nynorskkommune, og det er ikkje tvil om at nynorsk framleis er mykje meir i pakt med dialekten vår enn det danskætta bokmålet er!

Skulesjef John Karsten Raunholm er ikkje fullt så bastant. – Eg har vore nynorskmann heile mi tid. Men når det no likevel er slik at fleirtalet av ungdommane i Fitjar endar opp med å bruka bokmål, er det i alle fall grunn til å begynna å sjå på utviklinga, og kanskje etter kvart vurdere å skifta målform, om me nynorskfolk likar det eller ikkje.

Om FrP-Maraas får dei andre folkevalde med seg på framlegget sitt, veit me meir om neste tysdag. Men utan høge bølgjer kjem han ikkje i land med dette, trur me.