Arkivfoto/pressefoto

Ordførar Harald Rydland kjem med siste nytt frå kriseleiinga i dag, og melder at det lokale vedtaket om besøk på sjukeheimen vert vidareført.

Vedtaket lyder slik:

– Det vert tillate med besøk av inntil 2 faste personar i denne perioden. Besøk skal gå føre på pasienten sitt rom. Det skal brukast munnbind under besøket og haldast avstand på minimum 2 meter. Besøkstidene skal oppretthaldast i denne perioden. Besøkstid kvar dag er: 10.30-12.30 og 16.00-18.00. Det er forbod mot besøk på sjukeheimen dei 10 første dagane etter at ein har komme frå kommunar som er ramma av dei nasjonale tiltaka for det muterte viruset (med unntak av særlege situasjonar, som til dømes besøk til døyande pasientar).

Rydland råd til at alle som er ansvarlege for arrangement registrerer deltakarane med tanke på seinare smittesporing, og minner elles om desse tiltaka:

  • Tilsette i helsetenestene som har vore i ein kommune med høgt smittepress eller utbrot av mutert virus siste 10 døgn, skal testa seg så snart som råd etter at dei er kommen til Fitjar.  Ved negativ test kan dei gå på jobb, men skal bruka munnbind i 10 dagar.
  • Legesenteret og heimetenesta skal generelt bruka munnbind på personal og pasientar ved avstand under 1 meter.
  • Dersom pasientar med luftvegsymptom oppsøkjer legesenteret etter å ha vore i ein kommune med høgt smittepress eller utbrot av mutert virus dei siste 10 dagane, skal personalet bruka fullt smittevernutstyr.  Dersom det ikkje hastar med avtale, bør legesenteret be dei vente med timeavtale til etter dag 10. 
  • Besøksrestriksjonane som gjeld på sjukeheimen vert og tilrådd på Havnahuset og andre omsorgsbustader i kommunen, med unntak av besøkstidene
  • Når heimebaserte tenester er på heimebesøk skal dei nytta munnbind dersom det ikkje kan haldast to meter avstand til brukaren.