Roy Tore Torvund har sendt ein e-post der han skriv om Fitjarfestivalen og takkar dugnadsgjengen.

Arrangement i regi av Fitjar Festivalforeining 2011

Festivalforeiningas fyrste arrangement hadde me i juni i Moahagen. Teknisk sett vart dette eit godt gjennomført arrangement og for dei som var der og fekk oppleva denne fantastiske arenaen vart dette ein framifrå kveld. Det som var synd med dette arrangementet var at det ikkje traff alle potensielle tilhøyrarar og det vart heller eit tynt publikums tall.

Fitjar Festivalen 2011 vart ein vellukka festival.

Den vart gjennomført i tidsrommet 5 – 7. august og me hadde det meste av kva vær kunne by på. Fredag ettermiddag og kveld var det regnbyger men likevel var det samla over 100 personer i restaurantteltet der det vart servert framifrå mat og god musikk. Lørdag starta heller regnfullt men dette stoppa ikkje dei vel 1000 personene som var inne på festivalområdet. Folk handla i bodgata og restaurantteltet og fekk med seg god underhaldning frå scena. Årets fiskefestivalen vart avvikla med deltakarrekord på 124 personar. Konkurransen gjekk føre seg i dei verste regnbygene på dagen men det såg ikkje ut til at dette tok humøret noko nevneverdig ifrå deltakarane. Masse fisk var drege i land og mange fekk flotte premiar. Mykje skryt vanka til dei som arrangerte fiskefestivalen. I fylgje Bladet Sunnhordland har Kristian Lunde frå Stord uttala at dette er den mest profesjonelle fiskefestivalen i området.

Konserten på kvelden med påfylgjande arrangement i FKIB, Kultursalen, og Fitjar Fjordhotell var godt besøkt og vart eit særs vellykka arrangement. Alt gjekk etter planen og kvelden vart gjennomført utan problem av noko slag. Eit særs kjekt publikum å spela for uttalte gruppene etter konserten og ville gjerne komma attende til Fitjar og spela ved ein annan anledning. Dette må publikum ta til seg og vera stolte over. Søndag opna med gudsteneste på kaien med påfylgjande familielunsj i restaurantteltet. Bodgata var open etter gudstenesta. Presten Olav Oma synest det var kjekt å ha gudstenesta på kaien og har ytra ynskje om å få til noko liknande til neste år.

For å kunna gjennomføra slike arrangement trengs det ei god dugnads ånd – dette har me i Fitjar. Moahagen involverte bortimot 40 personar med vakter, salg og rigging. Dette innebar over 300 dugnadstimer. Framifrå arbeid var gjort av alle dugnadsytarar.

Fitjar festivalen involverte noko fleire folk. Her var det store oppgåver knytta til oppbygging av festivalområdet og arbeidet gjekk over fleire dagar. I tilegg alle andre oppgåver som vart utført under sjølve festivalen; vakter, salg og mange andre dugnadsoppdrag. Ca 60 personar var involverte og det blei lagt ned 6 – 700 dugnads timar. Folk stilte med traktorar og bilar for å få alt på plass både før og etter festivalen. Festivalen var offisielt slutt kl. 16.00 på søndag. Kl. 18.30 var alt rigga ned, rydda vekk og lagra.

Dette synest me er fantastisk!!!

Styret i Festival Foreininga vil få takka alle involverte i dugnaden; vakter, salg, rigging og alt anna som vart utført av dugnadsgjengen både i Moahagen og sjølve festivalen. Utan dykk hadde det ikkje vore mulig å få gjennomført desse arrangementa.

Vil minna om at me skal arrangera Fitjar Got Talent i år og – fredag 9. September. Her vert det mykje spanande på programmet. Dette skal bli ein fin kveld for ungdommen i Fitjar. Her blir det både kjente artistar og DJ på diskoteket etterpå. FIL Turngruppa og Ole Bergesen tar seg av regi og arrangementet . Styret ynskjer dei lukka til og takkar for innsatsen dei gjer for å få dette arrangert i år og.

Det vert og arrangert ein ny Vise og Lyrikk kveld. Denne er det Musikklaget som står som arrangør for og dei har regien her. Datoen er ikkje heilt satt enno men vil bli annonsert så snart den er klar. Me vil ynskja dei lukka til med arrangementet og takka dei for at dei på ny tar på seg denne jobben.

Det vert evalueringsmøte med påfylgjande dugnadsfest fredag 9. September. Me håpar at flest mulig som har delteke på dugnad og vakter både i Moahagen og på Fitjar Festivalen kan vere med her. Me ynskjer at leiarane i kvart medlemslag kjem med lister på dei som vil vera med denne kvelden.

Årsmøte for Fitjar Festivalforeining er satt til 20 oktober, rett innkalling blir sendt i god tid før møte til alle medlemslaga.

Med venleg helsing

Styret i Fitjar Festivalforening.