Frå frukostbordet i Lærdal har Fitjarposten fått rapport om trivsel og god innsats av våre lokale heltar i årets Veteran Cup.

Situasjonsrapporten kjem frå utsende superveteran i Lærdal, Roald Magne Nilsen. Han fortel at laget hans har tapt ein kamp og spela ein uavgjort. Roald fortel at han spelar spiss, endeleg rett mann på rett plass! Damene tapte den første kampen sin med 1-3 mot Nest Sotra, men klinte så til med 5-2 mot Midsund fredag kveld.

I skrivande stund (kl. 10.30 laurdag) spelar dei prestisjeoppgjer mot Gro Espeseth og Sandviken. So no gjeld det å følgja med! Resultata frå Veterancup i Lærdal, finn du her: