Konkurransane i Calgary er no avslutta, og fitjarposten.no har fått melding om gode prestasjonar på rekordbanen i Calgary.

I natt fekk me denne sluttrapporten frå den utsende medarbeidaren vår i Canada, Elise Aarbø:

”Etter fire dagar med konkurransar er det no klart for bankett med middag og høgtidelig premieutdeling. Her er litt om korleis det gjekk med våre løparar:

Onar Westerheim deltok i M60, ein knallhard klasse. Ein ikkje heilt ukjent løpar for skeiseinteresserte, Erik Vea, vann klassen samanlagt. På 500 m fekk Onar tida 43.61, noko som heldt til ein 5. plass. 3000 m gjekk unna på 4.37.91, noko av det beste han har oppnådd i vaksen alder, dvs. etter fylte 50 år. 1500 m opna han vel optimistisk, og låg an til det heilt store. Om det var lufta som var for tynn eller opninga for hard, er ikkje godt å seia, men han kom inn på 2.11.69. Han kvalifiserte seg dermed med god margin for siste distanse, som berre dei 16 beste fekk gå. Ein jamn og god 5000 m på 7.56.47 gav 7. plass på distansen og 8. plass samanlagt.

Bror hans, Harald Westerheim, deltok i klassen M65. Han har teke opp att skeisesporten denne sesongen, og oppnådde fylgjande tider: 500 m: 49.39 og 1000 m: 1.36.60. Han var så uheldig å gå over ende på 1500 m og tapte dermed muligheita til å få gå den lengste distansen. Dette var synd då nettopp dei lengste distansane passar han best.

Jan Henriksen frå Stord (M65) sette to nye persar, noko som er svært godt gjort i ein alder av 67 år. På 500 m fekk han 5. plass med tida 45.49, like bak pers, og 1000 m gjekk unna på 1.31.27. Tidene på 1500 m – 2.22.12 – og 3000 m – 5.14.10 – er begge nye personlege rekordar.

Etter banketten pakkar me kofferten og set kursen mot Salt Lake med nye rekordforsøk”.

Fitjarposten lovar å bringa rapportar vidare så snart me høyrer meir frå den andre sida av dammen.

Dei som ikkje har høyrt om Erik Vea, kan trykkja på denne lenkja: 

http://www.tsrocks.com/d/di_derre_texts/erik_vea.html