Me i 10. klassane ved Rimbareid skule besøkte både Auschwitz I og Auschwitz II i går. Sterke opplevingar var det begge plassar.

Auswitch I

Dette var hovedleiren i Auschwitz. Over inngangen til leiren står skiltet ”Arbeit Macht Frei”. Her var det laga til fleire ustillingar. Det var ekstremt tungt og sjå barneklede og sko, og svært tøft å sjå forferdelege bilder av folk som har vore offer for noko så fælt.

Auswitch II Birkenau

Auswitch II Birkenau er den andre leiren. Denne leiren var bygd for å motta flest muleg fangar, og 75 prosent av alle som kom til denne leiren, vart drepne i gasskammer då dei kom til leiren. Totalt vart 1.1 millioner menneske drepne her. Me opplever at mange i klassen har fått nytt syn på korleis folk faktisk hadde det. Det var utruleg tøft, men lærerikt.

Det var gasskammer og krematorium både i Auschwitz I og II.

Minneplassen i Auschwitz

Det er laga ein minneplass med en minneplakett med same ordlyd på 22 språk. Elevene las dikt og la ned blomar på den norske minneplaketten. Det var tungt og nydeleg på same tid å høyre på sterke og gripande dikt – og sjå at så mange hadde lagt fram blomar og vist medkjensle.

Tidsvitne

Me hadde med oss eit tidsvitne som reiseleiar. Han var 2. generasjonsvitne som fortalde faren sin historie. Faren satt i Sachsenhausen, leiren som me skal besøke seinare på turen. Det var uverkelig å høyre om ein som har opplevd fæle ting på den tida. Dette gjekk sterkt inn på oss alle.

 

Bileta er tekne av Sigurd Underhaug og Eirik Larsen.