Ranveig Flatråker Ottestad vart valt til ny styreleiar under Fitjar Kraftlag sitt årsmøte i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i kveld.

 I tillegg til solid kompetanse har Ottestad vore nestleiar i styret i fleire år. Ho er såleis slett ikkje ukjent med kva for  oppgåve ho no tek på seg. -Eg takkar for tilliten. Me har eit svært godt samarbeidsklima i styret, og eg er òg svært glad for at Johannes fortsett sit der, sa ho etter valet.

Med det viste ho til avtroppande styreleiar Johannes Koløen som no takkar av etter ein samanhengjande styreleiarperiode på ni år, i tillegg til at han og leia styret ein periode på -90-talet.

-Eg er for tida dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark AS, i tillegg til at eg har mitt eige firma å styre. Det var såleis umogeleg for meg å fortsetje vidare som styreleiar no, seier han i ein kort kommentar til fitjarposten.no.

I tillegg til Ranveig Flatråker Ottestad hadde valnemnda òg sett opp Agnar Aarskog som kandidat til leiarvervet.
Geir Tore Søreide var framme på talarstolen og tala for hans kandidatur medan Ronald Hareide fremja kandidaturet til Ottestad.Det vart såleis ei viss spenning rundt korleis valet ville ende. Oppteljinga synte eit klart fleirtal for Ranveig Flatråker Ottestad. 

Når det gjeld styrevalet vart det jamnt over attval. Einaste forskjellen frå tidlegare er at Ottestad no er leiar og Koløen styremedlem. I tillegg til desse to sit såleis Monika Hatlevik, Agnar Aarskog og Trond Gerhardsen i styret. Varafolk er Helga Nøtland Auestad, Øyvind Skålevik og Elin Anita Erstad.

Det var elles ikkje dei store diskusjonane under dette årsmøtet. Alt gjekk føre seg i ein god tone. Møteleiar Per Bergesen leia det heile på ein svært god måte.

Trass i låge straumprisar vart 2012 eit godt år for Fitjar Kraftlag, og som fitjarposten.no tidlegare har skrive, delte dei nyleg ut 712 850,- kr til allmennnyttige føremål.