For elevane i fjerde klasse på Rimbareid skule stod sjanti på timeplanen torsdag morgon, og saman med sjantilærar Rune Nesse og fire studentar frå høgskulen song dei sjanti av full hals.

Gjennom Fitjar kulturskule og Rimbareid skule sitt samarbeidsprosjekt PADAFIKO får elevane på fjerde trinn undervising i sjanti denne hausten. Undervisinga går føre seg på skulen i skuletida, men det er kulturskulen som har ansvar for undervisinga. Rune Nesse, kjent sjantisongar frå gruppa Storm weather shanty choir, er lærar og med seg har han fire studentar frå Høgskulen Stord Haugesund. Dei fire studentane Maria Isabel Grøtteland, Erling Andreas Jensen, Aleksander Haga Tveit og Anette Lerøen Rønhovde skal verta faglærarar i musikk og er med på dette spennande prosjektet på Rimbareid skule som ein del av sin praksis. 

Det er 32 elevar på 4. trinn på Rimbareid og desse var delt i tre grupper. I løpet av ein dobbel skuletime fekk kvar gruppe omkring 30 minutt med sjantisong, og i løpet av den tida fekk dei verkeleg blåst ut av seg med nokre ramsalte arbeidssongar frå seglskipa sine glansdagar. Dei rakk å læra to songar, etter gehør, og Rune var ein god læremeister og inspirator. Dei starta med den engelske songen South Australia før dei gjekk over på ein norsk sjanti.
– Syng ut, oppmuntra læremeisteren, dette skal vera sterkt, de skal ikkje vera sølvgutane, de skal ikkje tenka på å synga fint men å synga sterkt med den stemma de har!
– Eg vil ha meir lyd, presiserer Rune, før han med si kraftige bassrøyst ein gong til stemmer i Santi Anna. Ungane svarer og syng ut av full hals:  «Heave away for Santi Anna», og drar opp ankeret i takt så godt dei kan. 

– Men no er eg heilt hås, seier ein av dei små sjantisongarane. Det er bra, svarar sjantimann Nesse, då har du gjort ein god jobb! Nesse skrytte av alle elevane, seier han kan høyra at dei er vane med å synga og er glade i å synga.
– De har alle gjort ein god jobb!

Sjantisongane er ofte prega av spørsmål og svar, vers og refereng og den som leiar songen vert kalla sjantimann. Koret som svarer og som syng refrenga er mannskapet.
– Likte de songane? spør læremeistaren. Stille nikking i rekkene. Studentane og lærarane er meir frimodige og svarer på ekte sjantivis med eit høgt: Hoi! Ei ærleg 4. klasse-sjel seier at songane var fine, men han syns at nokre av tekstane var litt merkelege, og så var det blanding av norsk og engelsk.
– Mannskapet kom ofte frå forskjellige land og slik oppstod blandingsspråket sjanti-språket, forklarer Nesse, som saman med gruppa si har turnert langt utanfor Noregs grenser med denne typen songar.
 – Og ja, det er ikkje all teksten i sjantiane som er like vetige, unnskylder han, og understrekar at livet på havet var hardt og røft og det ber songane preg av.

– Neste veke er det ny sjanti-undervising, og då skal kanskje nokon av dykk få vera sjantimann og leia songen. Og så skal de kanskje få dikta litt tekst sjølv slik sjantimannen gjerne måtte gjera dersom songen ikkje var like lang som arbeidsoppgåva. 

– Eg gler meg veldig til neste gong, avsluttar Rune i det den tredje og siste gruppa har fått opp det siste «ankeret», skuleklokka ringer og mannskapet spring ut i skulegarden for å ta seg ein velfortent pause før meir teoretiske fag står på timeplanen.