Midtfjellet vindkraft AS har inngått avtale om bankfinansiering av Midtfjellet Vindkraftverk fase 2 med Swedbank. Avtalen har ei ramme på 500 millionar NOK og omfattar både byggjelån og langsiktig finansiering.

Fase 1 som omfatta 22 turbinar vart finansiert med investeringsstøtte frå Enova. Fase 2 som òg gjeld 22 turbinar vert altså finansiert gjennom Swedbank.

– Swedbank er ein av Sverige sine største bankar og har sidan 1999 vore etablert i Norge. Swedbank er vidare ein leiande bank innan energi  – og spesielt innan vindkraftsegmentet. I Norge er Swedbank ei betydeleg verksemd retta mot næringsliv og privatkundar, innan finansiering, investering og rådgjeving, heiter det i ei pressemelding om saka.

– Dette er ein viktig milepæl for Midtfjellet. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Swedbank. Tildelinga skjedde i skarp konkurranse, men Swedbank hadde samla sett det beste tilbodet» seier daglig leder i Midtfjellet Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde.

Først på el-sertifikatmarknaden
– Midtfjellet ser på denne avtalen som eit kvalitetsstempel, då dette prosjektet både er det første norske vindkraftprosjektet som nyttar seg av inntekter fra el-sertifikatmarknaden og som har oppnådd tilfredsstillande lånefinansiering basert på denne marknaden.

Eigarar av Midtfjellet Vindkraft AS er EB Kraftproduksjon, Fitjar Kraftlag, Vardar og Østfold Energi.

Samstundes med bygginga av vindkraftverket har Sunnhordland Kraftlag bygt ei ny 300 kV linje fra Børtveit i Stord til Midtfjellet. Linja fører produksjonen frå Midtfjellet direkte inn i det norske sentralnettet.