Etter eit år med sending 24 timar i døgeret, vert sendetida drastisk redusert. -Det er den økonomiske situasjonen som gjer at me må gå til det skrittet, seier ansvarleg redaktør Ole Haukeland.

-Då sendetida vart utvida, rekna me sjølvsagt med auke i kostnadane, men etter opplysningane me fekk, var desse overkommelege. No viser det seg at det å spele musikk på radio kostar mykje pengar. Det er organisasjonane Gramo / Tono som krev inn pengar for utøvande kunstnarar, og dei som har opphavsrett til musikk. Dei har sendt rekningar for bruk av musikken som er langt større enn det Radio Fitjar får inn i fast gjevarteneste, gåver og kollektar.   For å halda fram med sendingane slik dei er i dag, treng Radio Fitjar  kr 70.000 i meirinntekter for 2010, seier Haukeland.

Han fortel vidare at ein, for å ikkje å koma i eit økonomisk uføre, må redusere sendetida og gå tilbake til det me hadde i starten med to timar fem dagar i veka. -Heldigvis er den tekniske sida på plass, så dersom økonomien betrar seg, kan me igjen utvida sendetida, legg han til.

Leiinga for radioen vil nytte høvet til å takke alle dei som frå 1993 og til no har vore med å støtta arbeidet med små og store beløp i tillegg til all den frivillige innsatsen.

Frå måndag 25.10 kan du høyre Radio Fitjar kl. 12 – 13 og kl. 20 – 21.

-Dersom du vil vera med å utvikla og støtta opp om Radio Fitjar, er me svært takksame for det.  Du kan betale inn gåva di til kontonr 3546 29 07484, seier redaktør Ole Haukeland, til slutt.

steroidi anabolizzanti