For å få sendingane frå Radio Fitjar på lufta må all elektronikken fungere. No svikta antenneforsterkaren.

Måndag starta Radio Fitjar sine sendingar opp igjen etter sommarstansen. Trudde me. Det kom tilbakemelding om at ein ikkje fekk inn sendinga og nærare kontroll av sendenettet kan tyde på at deler av sendaren er øydelagt.

"Boksen" må sendast til ettersyn. Dette vil føre til at det ikkje vert sending denne veka. Og truleg ikkje neste veke heller.