Etter at lynet tok sendaren til Radio Fitjar rundt 15. desember, og heilt til starten av denne månaden, har Radio Fitjar vore ute av drift. No er radioen på lufta igjen.

– Det tok litt tid å få sjekka kor mykje som var øydelagt, men for ei god veke sidan fikk vi sendaren igjen. Sendestyrken er bitte litt redusert, men eg trur ikke folk vil merke det, opplyser redaktør i Radio Fitjar, Ole Haukeland, til fitjarposten.no.

Det gjekk likevel ikkje heilt på skinner då ein fekk sendaren tilbake.

– Sendingane var i gang ein dag. Så havarerte datautstyret som vert nytta til sendingane. Men ny maskin vart kjøpt inn og sett i drift, og no kan ein lytte til sendingar frå kl 12.00 til 21.00, måndag til fredag på FM 105.9 MHz, legg Haukeland til.

Om nokon som lyttar oppdagar feil, vil Haukeland vere glad for tilbakemelding.