Gabriel Solheim i Solheim røyr AS har tint mykje på røyr den siste tida. Les nedanfor kva han har å seia om korleis ein skal unngå frosne røyr og om arbeidet dei har hatt med tining i det siste.

– For å unngå frosne røyr er det viktig å passa godt på. Det kan òg vera lurt å vurdera varmekabel og å setje vatnet på renning og litt sånn, seier Solheim.

Skulle vatnet likevel frysa, har røyrleggjarar råder for det òg.

Solheim fortel:

– Me har tint opp vassleidningar som var frosne heile 80 meter ein stad, og fleire andre stader der det ikkje var gått så langt. Dette gjekk ganske bra med det nye utstyret me har investert i. Eit utstyr som fungerer ved at ein sender vatn på 40-45 grader inn i det frosne røyret, og det vatnet som kjem tilbake returnerer i tanken og blir varma opp på nytt før det vert sendt ut igjen. Slik kan me tine opptil 100 m med frosne røyr. Dette greier ein ikkje med steam, heiter det.